Velkommen til 17. mai gudsteneste

17. mai vert det gudsteneste i Hauge kyrkje kl. 12.00 ved Terje Eklund, Lars Einar Bakketeig og Laila Etterlid, songinnslag ved Johanne Heien.

Velkommen til 17. mai gudsteneste

Me kan no glede oss over at det er lov å arrgangere gudsteneste igjen. Det er kjekt å kunne opne kyrkja 17. mai og me håper mange tek turen. Det vert ei kortare gudsteneste slik at det er høve å rekke andre 17. mai arrangement. 

Ein føresetnad for å arrangere gudsteneste er at det er maks 50 personar til stades og at det er høve til å halde ein meter avstand i kyrkja.  

For å ivareta krava er annakvar benkerad i kyrkja merka med at den er teke ut av bruk. Personar i same husstand kan sitte tettare enn ein meter, elles må folk plassere seg slik at dei held avstand.

De vil bli ynskt velkommen av ein kyrkjevert som har ansvar for å notere kven som kjem og passe på at det ikkje vert meir enn 50 stk. Namnelista er til for å kunne bistå  seinare ved eventuell smittesporing, lista vil bli makulert etter 10 dagar. 

Det er sett fram handsprit og program/salmebøker vert delt ut slik at ein unngår at mange tek i same inventer.

Me har ekstra gode rutinar for reinhald før kvart arrangement. 

Gudstenesta vert denne dagen filma slik at dei som ikkje har høve til å delta kan i etterkant sjå den på nettsida vår. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"